AUFs visjon:

AUFs visjon er at enkeltmennesker sammen skal skape et fritt og rettferdig samfunn hvor økologi settes foran økonomi, og hvor menneskelige verdier settes foran materiell velstand.


torsdag 11. november 2010

Nestekjærleik og hykleri

Det forundrar ein enkel gut frå Valestrand korleis paradoksa nærmast kjem flygande rundt kvart eit hjørne i den lokale debatten for tida. Elevane på Osterøy Ungdomsskule klagar fullt forståeleg på utdatert læremateriell, som strekkjer seg så langt tilbake som til 1990-talet. Det er ikkje ein leveleg situasjon, i det som skal vera verdas beste skule i eitt av verdas mest velfungerande land. Då forundrar det likevel underskrivne at store foreldregrupper kjem stormande til for å starta opp undervisning basert på ei bok som ikkje berre er litt gammal, men er skriven for over 2000 år sidan (med tilhøyrande utdatert innhald?).
Inger Bjørgo gav oss ein fin sightseeing i noko av det mange Osterøy-elevar såleis snart skal lærast opp i, i eit glitrande lesarinnlegg for ei tid tilbake. Sjølv har eg stor respekt for at folk er usamde om det fins ein gud eller ikkje. Men eg klarar verkeleg ikkje å forstå korleis menneske som denne Øyvind Vevle kan bruka tid, krefter og energi på å mobba homofile? Har han gått lei av å forsvara den ulovlige, israelske okkupasjonen? Ein skulle tru enkelte hadde eit nærmast manisk behov for å rakka ned på andre menneske. Menneske som opplever kjærleik. Menneske som opplever undertrykking. Den kristne nestekjærleiken ser ut til å ha forsvunne i iveren etter å trykka ned folk.
Sjølvmordstala blant unge homofile er skyhøge. Og likevel ser ein vaksen, oppegåande mann det som sin livsmisjon å gjera tilhøva endå vanskelegare for ungdommane enn dei allereie er. Det syns eg er beint fram avskyeleg. Eg vil difor sterkt oppmoda folk om å ta Olaug Hartveits råd og lesa Arnfinn Nordbøs bok ?Betre død enn homofil?. Det bør i alle høve gje religiøse menneske nokre nye perspektiv.
Det er ikkje fordi eg ikkje er kristen at eg ikkje ynskjer religiøse privatskular. Det er fordi eg er oppteken av sterke norske verdiar som toleranse, fridom og likeverd. Den offentlege skulen er eit tverrsnitt av samfunnet, der alle skal kunne møtast på tvers av familiebakgrunn, økonomi og religion og læra å respektera kvarandre. Derfor er eg også sterkt kritisk til at skular som Danielsen skal bidra til ytterlegare konflikt og motsetningar mellom folk, ved å innprenta i born og ungdommar at abort er mord og homofili er synd.?Å frykte Herren er starten på visdom?, heiter det i Danielsens eigenreklame for undervisninga si. Eg meiner at ein bør læra godt om alle religionar og livssyn i skulen, utan at nokon er sette i særstilling, så kan elevane sjølv gjera seg opp ei meining om kva dei vil tru eller ikkje tru på. Frykt kan ikkje vera eit premiss ein skal godta for undervisning. Frykt har aldri ført til meir fridom for nokon. Den norske skulen bør ikkje baserast på at ein skal frykta noko som helst ? verken spanskrør eller Herrer med stor H.
(Skrevet som gjesteinnlegg i Bygdanytt, lokalavisen for Osterøy kommune og Arna bydel i Bergen)
TORE EIKELAND
LEIAR, AUF i HORDALAND

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar